Hopp til innhald

Ose Matmarknad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. juli 2011 kl. 21:27 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ose Matmarknad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ose Matmarknad vert arrangert andre helga i juli. Arrangør er Ose Mat og Kultur, og arrangementet har gått kvart år sidan 1995. Det er ein marknad basert på tradisjon innan mat, husflid, kunsthandverk og antikvitetar.

Alle salsbodene ligg samla i det lille sentrumet i Ose, rammet inn av den gamle Storstoga, eit toetasjes laftebygg, Ose Turistheim, Ose Ullvare, Storstoga Kro, Ose grendehus og Coop Marked Ose. Som regel er det godt ver under arrangementet, og det kjem ofte to-tre tusen menneske for å smake på tradisjonsmat ein kan få kjøpt: Korv, med komle eller poteter, Setesdalssuppe, komper, spekemat og rømmegrøt.

Kjelde

Eksterne lenker