Åknes kapell
Hopp til navigering
Hopp til søk
Åknes kapell er ei langkyrkje på Åknes i Åseral med 150 passar og galleri bygd i 1873 av Tobias Flottorp og Gard Ekså, som og laga døypefonten. Kyrkjeklokka kom frå Oslo og vart køyrd med hest til Dåsvatn og sidan boren på ryggen av Torgeir Helleren til Lognavatn. Ho fekk eit påbygg i 1968. Altertavla er akantusranker og treskurd av Lars Svensson Juvasstøl. Orgelet er bygd av Gebrüder Reil i 1988.
I nedslagsfeltet budde det i 1992 om lag 195 personar, i snitt kom det 30 til gudstenestene og 13 til nattverd dei gongene det var nattverd. Årleg er det om lag ti gudstenester i Åknes kapell, som har stab saman med Åseral kyrkje og Ljosland kapell.
Kjelde
- Alf Henry Rasmussen: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag 1993 ISBN 82-7527-022-7