Hopp til innhald

Karten fjellkyrkje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. april 2011 kl. 10:12 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Karten fjellkyrkje)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Karten fjellkyrkje ligg i Vinje kommune mellom Hovden og Haukeligrend. For å kome dit, kan ein parkere ved Stokketjønn-skiltet på Riksveg 9. Sidevegen har bom, og det er ein kilometer å gå mot sør-aust frå parkeringsplassen.

I 1974 fekk speidarane i Edland KFUM eit bedehus i Grungedal av misjonslaget der. Huset var frå 1934 og det vart teke ned og flytt til Karten for å verte leirstad og fjellkyrkje. Etter fleire års dugnadsinnsats av bygdefolk og speidarar stod Karten fjellkyrkje ferdig i 1982. Arkitekt Gunnar Sandvik har teikna ombygginga/tilbygget.

Kjelde

Eksterne lenker