Kay Jeiskelid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. mars 2011 kl. 00:38 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (varaordførar)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kay Arne Jeiskelid (fødd 29. oktober 1946) er ordførar i Bykle kommune. Stillinga som ordførar er 80%, i tillegg er han og maskinentreprenør. Kay Jeiskelid representerer Høgre som ordførar etter år 2000, men då han vart vald til ordførar første gongen i 1985, var det som representant for Arbeidarpartiet. Då han braut med Arbeidarpartiet, stilte han til val for ei upolitisk liste og vart også den gongen ordførar. Før han vart ordførar i 1985 var han varaordførar med Tor Byklum som ordførar.

Sommaren 2010 sa han at han ville gje seg, men i oktober hadde han ombestemt seg. Han trivest med politikk og synest det har vore spanande å ha vore med på å fått bygd både Bykle alders- og sjukeheim og Bykle rådhus. Mange andre bygg har og kome opp i hans tid som ordførar. Han vil gjerne vere med på arbeidet for å få fullført Riksveg 9. I tillegg er han provosert av forslaget til villreinkart, der området går heilt ned til riksvegen.

Sjå også

Eksterne lenker