Turkompaniet Hovden
Turkompaniet Hovden er eit lag med nærare 50 medlemmer (2010) for folk som er interesserte i friluftsliv, ski, klatring, sykling, surfing, slakk line, turar og andre aktivitetar. Laget er ope for alle og har medlemmer frå born og opp til 60+ i alder. Ikkje alle bur på Hovden, laget har medlemmer som bur både i Bykle, Kristiansand, Vinje, Arendal, Lillesand og Vennesla. Kontingenten er 250 kroner for einskildmedlemmer og 400 kroner for familiar.
Arrangement
Turkompaniet har arrangert surfeturar til Jæren, toppturar og skiturar, longboardsamlingar, kitekurs, kurs i utforsykling, kurs i isklatring, fisketurar, filmkveldar, jibbekurs og skredkurs. Dei inviterer også til foredragskveldar med friluftslivsrelaterte tema. Laget har også utstyr til utlån for medlemmene.
Styre
Kjelder
- Helene Horverak: Hadde skredkurs i ruskeveret Artikkel i Setesdølen nr. 4, 2011 side 16