Knut Flåt
| Knut Flåt | ||
|---|---|---|
| Født: | 13. august 1953 (72 år) | |
Knut Flåt (fødd 13. august 1953) er snekkar på Evje. Han har overteke barndomsheim og gardsbruk i Flatebygd etter faren Olav K. Flåt. Han gjekk yrkesskule på Blakstad og vart tidleg sjølvstendig næringsdrivande. Som snekkar har han hatt arbeidsoppdrag i eit stort distrikt. Mellom anna har han hatt mange oppdrag på Hovden.
Som ungdom var han ein habil skihoppar. Han er og glad i å dra på fisketurar i Setesdal Vesthei.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Bygdesnikkar med fleksitid. Artikkel i Setesdølen nr. 64, 2013 side 2