Hornnes barneskule
Hornnes barneskule ligg på Jortveit i Hornnes, nær Hornnes barnehage, Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes og Otrahallen. Skulebygget er frå 1972, og har blitt utbygd og modernisert både i 1991 og 2006.
Hornnes barneskule var i mange år ein fådelt skule med omlag 70 elevar. Skuleåret 2012-2013 hadde ein 118 elevar. Elevane er delt i klassar/grupper etter alder. Rundt halvparten av elevane har skuleskyss. Målforma er nynorsk.