Brorson på norsk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. juli 2014 kl. 08:35 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Brorson på norsk)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Brorson på norsk er eit program som er laga for å markere 250-minnet for den danske presten og salmediktaren Hans Adolph Brorson (1695-1764) med norske folketonar. Det er funne om lag 300 norske folketonar til tekstar av Brorson, som vart svært populære i Norge gjennom arbeidet til Hans Nielsen Hauge.

Minnet om Brorson skal markerast i Ribe i Danmark, der han var biskop, 27. september 2014 og i Odense 28. september 2014. Norske folketonar vert omkransa av tradisjonell folkemusikk og danske 1700-talstonar. Programmet vart framført i Hylestad kyrkje sundag 3. august 2014 klokka 12 av Berit Opheim, song, Poul Høxbro, diverse fløyter og tromme, Helen Davies, keltisk harpe og Gunnar Stubseid, hardingfele.

Kjelde