Terje Greibesland

Terje Greibesland (fødd 1966) er administrerande direktør i L/L Setesdal Bilruter. Med den stillinga følger også stilling som direktør i Birkeland Busser, Setesdal Bilruter Eigedom AS og Setesdal Bilruter Verkstad AS. Han har to periodar bak seg i Bygland kommunestyre og stod øvst på Bygland Bygdeliste 2011, noko som gav han plass i kommunestyre og formannskap fram til 2015.
Av Bygland kommunestyre er han vald til styret for KVS-Bygland AS og Setesdal Informasjons- og Kompetansesenter AS. I begge desse er han nestformann.[1] Han er og styremedlem i NHO Agder.
Sjølv om han har travle dagar som leiar av selskapet, står han nederst på vikarlista, så når det er vanskeleg å få vikarar til eit kjøreoppdrag, hender det at han set seg bak rattet sjølv. Han prioriterer å delta på Setesdalskonferansen, og på Setesdalskonferansen 2014 hadde han foredraget «Frå rutebilselskap i dalen til vinnar av milliardkontrakt», der han fortalde om strategisk selskapsutvikling og lokalt eigarskap i ein krevjande bransje. [2] Under middagen der fekk han Setesdalsprisen.
Kjelder
- Terje Greibesland øvst på Bygdelista. Artikkel i Setesdølen nr. 22, 2011 side 10