VAFA
VAFA er ei forkortig for Valle fiskeadministrasjon. Laget vart etablert i 1990 og organiserer over 200 grunneiere i Valle kommune. Laget arbeider for å få tilbake fisk i vatn og elver. Arbeidet har i stor grad vore konsentrert om å gjennomføre kalking i vatn som på grunn av sur nedbør ikkje lenger har livsgrunnlag for fisk. Kvaliteten på vatnet har blitt betre og fisken har kome tilbake.
På grunn av at det i ein lang periode ikkje har vore fiske, er mange vatn nå overbefolka. Av den grunn organiserts VAFA eit prosjekt der ungdom hadde fått sommarjobb for å fiske opp fisk i Valleheia for at fiskekvaliteten skulle bli betre.
Leiar i VAFA har vore Toralv Andersen. Torjus Uppstad var daglig leiar i mange år, men fekk avløysing av Tor Moseid.
Medlemslag
- Otra fiskelag Valle
- Homme fiskelag
- Vallebø fiskelag
- Hevatn fiskelag
- Harstad fiskelag
- Rossevatn og Hyllvatn fiskelag
- Ramvatn fiskelag
- Hungsvatn og Berevatn fiskelag
- Dale, Løyland og Røysland fiskelag
- Åmli og Berg fiskelag
- Juvatn fiskelag
- Tjønnan fiskelag
- Brokke og Berg fiskelag
- Uppstad fiskelag
- Helle fiskelag
- Store Kråketjønn fiskelag