Konsesjonskraft

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mars 2014 kl. 11:36 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Konsesjonskraft er den delen av krafta som eigarar av større kraftverk må levere til kommunane der kraftverket ligg. Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen bereknar denne delen, som mellom anna er basert på folketal. Plikta til å levere konsesjonskraft gjeld kraftverk som nyttar vatn regulert etter vassdragsreguleringsloven eller industrikonsesjonsloven. Partane kan sjølv bli enige om prisen om kraftverket har konsesjon frå før 1959, elles er det Olje- og Energidirektoratet som fastset prisen.

Kommunar med lågt folketal, får ikkje tildelt alt sjølv, men noko av konsesjonskrafta går til fylkeskommunen. Aust-Agder fylkeskommune har tilbakeført 10 millionar kroner årleg til Riksveg 9 og 4 millionar kroner årleg til Setesdal Regionråd. Om alle kommunane i Setesdal hadde vore ein kommune, ville dei fått om lag 10 millionar kroner meir i konsesjonskraft enn dei fekk i 2014.

I 2014 fekk kommunane i Setesdal desse inntektene frå konsesjonskraft:

  • Bykle kommune: ca. 20 millionar kroner
  • Valle kommune: ca. 9 millionar kroner
  • Bygland kommune: ca. 7 millionar kroner
  • Evje og Hornnes kommune: ca. 800.000 kroner