Tarald Bjørgulvson Langeid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. desember 2013 kl. 22:01 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Tarald Bjørgulvson Langeid''' var ordførar i Bygland i åra 1887–1889, og så varaordførar største delen av tida då Lars Knutson Liestøl var på Stortinget (1889&n...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tarald Bjørgulvson Langeid var ordførar i Bygland i åra 1887–1889, og så varaordførar største delen av tida då Lars Knutson Liestøl var på Stortinget (1889–1902). Aasulv Lande sr. seier i Byglands soge at han var ein stillfarande, varsam og klok mann som tok arbeidet i kommunen med alvor og uthaldanhet.[1]

I Tarald B. Langeid sin tid som ordførar vart fleire større ting handsama av kommunestyret. Mellom anna vert det vedteke at ein skulle få eit overslag over kva det ville kosta å leggje om vegen i Fånekleiva, ein hundeskatt på fem kroner året og ein søknad om å få postopneri på Ose vert send inn. Ein søknad frå representantar frå Austad sokn om å dele kommunen så at deira sokn skulle bli ein eigen kommune, vart ikkje tilrådd.

Kjelde

  1. Byglands soge: Aasulv Lande Sr.: «Kommunestyringi. XII. Tarald Bjørgulvson Langeid.» s. 85, Kristiansand 1939 (faksimile 1970)