Birgit Eriksdotter Skore
Utsjånad
Birgit Eriksdotter Skore (f. 1773, d. 1846) var dotter av Erik Taraldson Sordal og Asbjørg Tellefsdotter Langeid.
I 1809 fekk Birgit dottera Birgit. Tarjei Olavson Nordenå var oppgjeven som barnefar. Han og Birgit var truleg trulova og skulle gifte seg. Men Tarjei døydde i ei drukningsulykke hausten 1808, berre 20 år gamal.
Birgit døydde ugift på Rosevall i Åraksbø i 1846.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 304–306