Kay Jeiskelid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. oktober 2010 kl. 13:46 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kay Arne Jeiskelid (fødd 29. oktober 1946) er ordførar i Bykle kommune. Stillinga som ordførar er 80%, i tillegg er han og maskinentreprenør. Kay Jeiskelid representerer Høgre som ordførar etter år 2000, men då han vart vald til ordførar første gongen i 1985, var det som representant for Arbeidarpartiet. Då han braut med Arbeidarpartiet, stilte han til val for ei upolitisk liste og vart også den gongen ordførar.

Sommaren 2010 sa han at han ville gje seg, men i oktober hadde han ombestemt seg. Han trivest med politikk og synest det har vore spanande å ha vore med på å fått bygd både Bykle alders- og sjukeheim og Bykle rådhus. Mange andre bygg har og kome opp i hans tid som ordførar. Han vil gjerne vere med på arbeidet for å få fullført Riksveg 9. I tillegg er han provosert av forslaget til villreinkart, der området går heilt ned til riksvegen.

Sjå også

Eksterne lenker