Tingvatn fornminnepark
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Tingvatn fornminnepark i Hægebostad vart oppretta i 2006.
Tingvatnfeltet er eit av dei mest fascinerande fornminneområda i Agder. Det er særleg jernalder, spesielt folkevandringstida, som pregar området. Tingvatn er rekna som den best bevarte tingstaden med graver og steinsettingar i Noreg.
I 2011 kom det besøkssenter på staden med utstillingslokale, kafe, museumsbutikk og næringshallar. Anlegget er ein del av Vest-Agder-museet og har ein formidlingsansvarleg i halv stilling og fire sesongtilsette. Besøkstalet er 3-4000 om året, det er gratis inngang, så tala er ikkje nøyaktige.