Grokleiva (gamle)
Grokleiva var ei kleiv på den gamle Postvegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og vestover. Det var på sørsida av Grotjønn, noko vest for Suldalen. Vegen var bygd 1791–1797, og i bruk til 1853.
Kleiva var berykta for ran og mordforsøk. På folkemunne var ho difor kalla «Røvarkleiva».
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen, Vest-Agder, 2000, side 108–109