Ryseklyvi

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. mars 2026 kl. 17:12 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Segn)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ryseklyvi er ein liten steinholme med to store steinar på nær vestre enden av Store Bjørnevatn i Valle.

Segnet seier at risen hadde henta steinane i fjellet på andre sida av dalen. Han skulle klyvje dei to mil heim. Første steget var på ei mil fram til eit berg der ein ennå kan sjå merke etter foten hans. Her heiter det Risefoten. Han steig ei mil til og kom til Ryseklyvi. Der orka han ikkje steinane lenger, og la dei ned der dei no ligg. Han for bort i lia og setta seg så tungt ned at merket etter setet syner framleis. Risesetet heiter staden.

Kjelder

Kart

Laster kart ...