Åsveien (Grendi)

Foto: Geir Daasvatn
Åsveien er ein stig som går frå Damveien til Utsikten i Grendi i Bygland.
Stigen blei bygd opp som eit ledd i drifta av Landeskogen tuberkulosesanatorium etter oppstarten i 1916. Utover på 1980- og 1990-talet var han mykje attgrodd. Roald Rysstad, med god hjelp frå kona Anne Tove Rysstad og borna, fekk rydda og stelt han oppatt i 1996–1997. Stigen er merka frå Damveien og fører fram til dagsturhytta på Utsikten.
Landeskogen var ein «bokmålsbastion» frå starten av og turstigane fekk endenemning «-veien».
Kjelder
- Oddvar Schjølberg, Fra sanatorium til fredssenter, Aktive Fredsforlag, 2016, side 156–161