Varme Hender

Foto: Facebook-sida til Varme Hender
Varme Hender var eit selskap (AS) som dreiv med matleveransar og heimetenester frå base i Infanterivegen 3 på Evjemoen i Evje og Hornnes. Tenestene var tilgjengelege frå Bygland i nord til Moisund i sør. Innehavarar var Kristina Ose og Silje Christine Stangvik.
Dei kjørte ut og levere matkasser med ferdiglaga middagar og tilbaud reinhald, klesvask, følgeteneste, sosialt samvær og praktisk hjelp, nedvask og vindusvask. Firmaet starta i desember 2016, men marknaden var ikkje stor nok, så selskapet vart avvikla.
Kjelder
- Facebook-sida til Varme Hender
- Epost frå Kristina Ose 21. januar 2026