Olav Aslaksons plass

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. januar 2026 kl. 16:21 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke fylkesvegen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Aslaksons plass var ein husmannsplass i Haugemoen i Bygland. Plassen høyrde under bnr. 2 i Nordre Haugen. Han låg på nedsida av bygdevegen (i dag Fylkesveg 3804), mellom Prestegardsplasset og Haugemoplasset som låg heilt ute ved bytet mot Sandnes.

Olav Aslakson Haugen (f. 1819, d. 1889) var rydningsmannen. Han fekk kontrakt på plassen i 1874 og budde her med familien til han døydde i 1889. Då var kona Mari Torjusdotter Horverak (f. 1826, d. 1888) og døtrene Birgit (f. 1863, d. 1877) og Turid (f. 1867, d. 1888) døde før han.

Etter Olav og familien heldt Hans Torson Dåsvatn (f. 1859, d. 1944) til her saman med familien.

Det skal framleis vere synlege spor etter denne husmansplassen.

Kjelder

Kart

Laster kart ...