Naustebekk
Naustebekk er ein liten flaumbekk i Åraksbø i Bygland. Han har utspring i nokre myrar på Haugeåsen aust for Haugen og renn ned lia og ut i Åraksfjorden.
I turkeperiodar kan bekken bli heilt turr. Han hadde difor ikkje stor nok vassføring til å kunne nyttast til kvernbekk på den tida då bøndene mol mjølet sjølve.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 486