St. Jørgen og dragen

Foto: Geir Daasvatn
St. Jørgen og dragen er det eldste biletet som er bevart i Rygnestad-samlinga på Rygnestadloftet. Det er frå siste del av 1400-åra og syner Sankt Jørgen som er i ferd med å drepe dragen og redde prinsessa.
Namneforma Jørgen på norsk og dansk svarar til det ålmeneuropeiske namnet Georg. St. Georg var eit av dei mest populære helgenmotiva i dei to siste hundreåra før reformasjonen. Prinsessa er Kleodolinde, dotter av kongen og dronninga av Kampedusa.
Biletet er måla med limfarge på tynt, grovmaska lerret. Det er 142 cm langt og 68 cm høgt. Det har ein del eldre fuktskader. Teikninga er utviska, særleg i nedre bord.
Korleis biletet kom til Setesdal og Rygnestad er uvisst.
Kjelder
- Ruth Hamran, Billedsamlingen i Rygnestadloftet, utgjeve av Institutt for sammenlignende kulturforskning/Novus Forlag, 2002, side 13–40