Sagebekken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. desember 2025 kl. 07:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til et par kategorier)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Sagebekken - Senum - Hornnes 241014 (6).jpg
Eitt av dei mange fossefalla i Sagebekken. Foto: Geir Daasvatn

Sagebekken er ein liten bekk som renn ut av Nordtjønn på heia vest for Senum, heilt nord i Evje og Hornnes kommune og rett vest for Byglandsfjord. Han renn mot aust og utfor mange bratte stup nedover mot Senummoen, med eit samla fall på meir enn 200 meter. Vel nede på flata renn han roleg gjennom Senummoen og ut i Otra frå vest. I periodar med mykje nedbør aukar vassføringa i bekken, og dei mange fossane nedover lia kan vere eit flott syn.

Eksterne lenker

Bilete av Sagebekken på Flickr

Kart

Laster kart ...