Kathe Merete Kjetså
| Kathe Merete Kjetså | ||
|---|---|---|
Foto: Privat
| ||
| Født: | 1967 (alder 58–59) | |
Kathe Merete Kjetså (fødd 1967) er tilsett på Byglandsfjord skule. Ho bur i Krossen på vestsida av Otra i Evje og Hornnes kommune. Ho er ein ivrig og svært flink hobbyfotograf. Ho tek mykje makrobilete av blomar og andre detaljar i naturen. Men ho har også farta mykje rundt i Setesdal og teke mange vakre naturbilete. Ho har ei eiga fotoside på Facebook, kalla Kathe M Kjetså FOTO, og si eiga side på biletdelingstenesta Flickr.
Frå 26. mars 2023 til 30. april 2023 hadde Kathe fotoutstillinga Mitt fotoblikk på Stoga Bygland. I desember 2025 gav ho ut den vakre biletboka Inspirasjon frå Setesdal. Bunad og tradisjon, kultur og natur.
Kathe Merete Kjetså har vore leiar av Setesdal Revmatikerforening.