Flygil
Flygil er ein svært enkel reiskap som var brukt til å treske korn med før det kom treskemaskinar. Han er laga av to bjørkestaurar bundne saman med ei skinnreim. Dei to delana er kalla slagvol og handvol. Den som treska heldt i handvolen og slo på kornbanda med slagvolen.
Kjelder
- Leonhard Jansen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 112