Byglandsfjord Dampsag & Høvleri, avdeling Kristiansand
Utanom sagbruket på Byglandsfjord, så hadde Dampsaga i si tid eigedomar i Evje og Hornnes, og hadde sagbruk, lager og hus i Kristiansand. Lager- og utsalget ved jarnbanestasjonen i Kristiansand kom opp i 1901, men måtte avviklast då trafikken med danskeferjene auka på slutten av 1950-talet. Men Dampsaga hadde også sett opp eit mindre sagbruk i Østre Strandgate.
Sagbruket i Kristiansand vart reist
I eit styremøte på A/S Byglandsfjord Dampsag & Høvleri i 1907, vart det vedteke å forhandle med Otterdals Interessentskab om eit samarbeid innan trelastnæringa eventuelt samanslåing. Otterdalen hadde alt eit sagbruk inn mot Østre Strandgate, der kor Nupen-parken (Otterdals-parken) ligg i dag. Men eit samarbeid vart avvist, så Dampsaga vedtok i 1909 å byggja sitt eige sagbruk i området. Fyrst freista dei å taka over Kjøita Sagbruk, som var på handel då, men til sist kjøpte dei opp Carlsens verft og Løhmanns verft. Desse verfta låg inn mot det området som byfolk kallar Langfeldts almenning, mellom Christiansholm festning og der den store svømmehallen ligg i dag.
Drifta gjekk bra i 20 år
Sagbrukstomta strekte seg over eit bykvartal, avgrensa av Holbergsgate, Østre Strandgate og Kronprinsens gate. I 1910 vart eit murhus reist på Carlsens verft etter teikningar av ingeniør Endre Refnes. Etter eit par års drift vart det klart at ein trong ein hest til utkøyring av materialar og ved. Hest vart kjøpt inn i 1912. Sagbruket gjekk bra fram til nedgangstidene i 1930-åra. Då vart drifta lagt ned, og tomta seld i 1933.
Framleis spor etter sagbruksdrifta i 2013
I 1945 var framleis deler av tomta open, og ma. så hadde Venneslaruta ein liten verkstad her. Etter kvart vart dette kvartalet utbygd tett i tett med bustadsbygg og næringsbygg. I 2013 var det berre eitt frittståande bustadbygg attende, omgjeve av ein frodig eplehage. Dette var eit murbygg i to høgder som vart lyst ut for sal i mai 2013. Antyda pris var fyrst på 18 mill. kroner, men i august gjekk hus og tomt for 16 millionar.
I Fædrelandsvennen hadde selgar opplyst at dette huset vart sett opp som ein driftsbygning for Byglandsfjord Dampsag i si tid, men i boka Rusleturar i Kvadraturen er det opplyst at bygget vart reist på grunnmuren til Dampsagas driftsbygg i 1933. Korleis dette enn er, så er det ganske visst at både hus og grunnmur kjem til i bli erstatta av eit mykje større bustadkompleks. Og så vert alle spor etter Dampsaga borte.
Kart
Kjelder
- Jan Oddvar Eide: Til salgs for 18 millioner. Fædrelandsvennen, onsdag 15. mai 2013, side 9.
- Valerie Kubens: Solgt for 16 millioner. Fædrelandsvennen, tysdag 27. august 2013, side 3.
- Knut Mæsel, Inger Johanne Mæsel og Jan Henrik Munksgaard: Rusleturer i Kvadraturen 6, 2010, side223, 224, 226, 230, 245. ISBN 978-82-996404-8-0
- Mikkjel Skjevrak: A/S Byglandsfjord Dampsag & Høvleri gjennom 50 år, 1898-1948 P. M. Danielsens trykkeri, Arendal, side 22, 23.