Vonheim (Bygland)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. august 2013 kl. 18:46 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Siri J flyttet siden Vonheim Bygland til Vonheim (Bygland))
Hopp til navigering Hopp til søk
Vonheim
Foto: Siri Johannessen

Vonheim er bedehuset på Bygland. Det ligg midt i bygda, om lag 100 meter aust for Bygland kyrkje.

Det gamle bedehuset

Det vart sett opp av tømmer i 1905 i halvanna høgd, då var huset 100 kvadratmeter og hadde to rom, kjøkken og galleri. I tillegg var det vedskjol. Eigar av huset er Bygland kyrkjelyd.

Bygland kommune kjøpte Vonheim

Slik sto det å lesa i Fædrelandsvennen i 1980. Heile soknet var med under reisinga av bygget i 1905, men utover 1970-åra sto huset til nedfalls, og i 1980 vart det nytta til lagerplass for kommunen.

I 1978 lukkast Bygland sokneråd med å finna ei lageleg tomt for eit nytt meinighetshus då Birgit Thorkildsen ville selja tomt frå den gamle lensmannseigedomen midt i bygda. Ho ynskte å selja til evangelisk-lutherske misjonsorganisasjonar, og dette gjekk soknerådet med på. Soknerådet foreslo for kommunestyret at kommunen kunne kjøpe Vonheim for kr. 40 000. Desse pengane skulle så gå til kjøp av ny tomt og til byggekostnader til nytt bedehus.

Samrøystes vedtok kommunestyret kjøp av Vonheim for kr. 40 000, mot at kjøpesummen vart lånt til kommunen mot ei rente på 7,5 % og med 1 års oppseiing.

Kjelder

  • Norges Bebyggelse 1956, A/S Norsk faglitteratur G. Reinert, redaktører H. M. Fiskaa og H. Falck Myckland, Herredsbind for Aust-Agder vestre del
  • Fædrelandsvennen, 2. juli 1980: Bygland kjøper bedehuset Vonheim.