Brua over Oddebekken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. august 2013 kl. 19:35 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Dette er ei lita bru på riksveg 9''', så lita at ein snaut legg merke til den, sett frå bilen. Men om ein fylgjer den nye sykkel og gangvegen som går under riksvegen ved Evje skul...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dette er ei lita bru på riksveg 9, så lita at ein snaut legg merke til den, sett frå bilen. Men om ein fylgjer den nye sykkel og gangvegen som går under riksvegen ved Evje skule, så vert den flotte steinkvelvbrua godt synleg.

Eigentleg går riksvegen på to parallelle bruer, der den vestre delen opphaveleg var ei bru for Setesdalsbanen. Denne vart sjølvsagt for smal då kompensasjonsvegen for banen skulle fylgje det tidlegare jarnbanesporet framom Evje i 1967. Ein ny del i betong vart støypt inntil den gamle brua, og dette har fungert bra sidan. Etter at gangvegen her fekk si eiga bru over Oddebekken i 2012, kom den gamle steinbrua til synes att.