Evje Bilopphogging

Evje Bilopphogging DA held til på ei 50 mål stor tomt på Syrtveit etter at det i 2010 flytta frå ei 15 mål stor tomt på Evjemoen. Selskapet vart etablert i 2005, då det overtok det som før heitte Kjell's Bilopphogging. På Syrtveit investerte selskapet mellom fire og fem millionar i to nybygg på til saman 600 kvadratmeter, ein stålhall og ein hall i elementbygg. I tillegg vart det støypt ei plate på 1500 kvadratmeter for å ta imot bilar. Kvart år tek dei imot 1200 til 1500 bilar, mange av desse kjem hentar Arnt Skeimo på kysten. Eigedomen ligg like nord for avfallsdeponiet til Setesdal miljø og gjenvinning og bare 100 meter frå Otra.
Finn Oskar Rosmer og Arnt Skeimo eig ein halvpart kvar av selskapet.
Evje Bilopphogging har 10-årsjubileum i 2013 med aukande omsetning, og tok imot 1650 bilar i 2012. Evje Bilopphogging har to kranbilar som henter over så godt som heile Agder. Dei henter også stålskrammel, og handler gamle bildeler.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Flyttar til Syrtveit neste år. Artikkel i Setesdølen nr. 87, 2009 side 5
- Sigurd Haugsgjerd: Omsette bilvrak for over 5 mill. kr. i fjor. Artikkel i Setesdølen nr. 3, 2013 side 11