Jure (bunad)

Foto: Geir Daasvatn
Jure i setesdalsbunaden er eit lærbelte med hekte. Beltet skal bare gå ein gong rundt livet. Det blir brukt til både overstakk og understakk. Det finst òg sauma jurer. Dei var helst i bruk tidlegare, frå siste halvdel av 1800-talet og ut på 1900-talet. I tillegg er vevde jurer kjende.
Våren 2025 var det kurs i å saume jure med May-Lis Flateland som lærar. Deltakarar var Kristin Nomeland, Åshild Rysstad Hovden, Torhild Sandnes, Eli Føreland Straume, Brit Haugeland og Karin Bøe.
Kjelder
- Gøymde og gløymde skattar. Band og belte frå Setesdal, utgjeve av Valle bygdekvinnelag, 2024, side 76–105
- Karin Bøe: Tek opp att hundre år gamal tradisjon. Artikkel i Setesdølen nr. 36, 2025 side 3