Olaf Tønnesland Hodne
| Olaf Tønnesland Hodne | ||
|---|---|---|
| Født: | 1990 (alder 35–36) | |
Olaf Tønnesland Hodne (født 1990) er ein kunsthåndtverkar frå Hornnes som er busett i Oslo.
Han studerte Medium- og materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo frå 2011 til 2016. Han var då på utvekslingsopphald ved Hiko Mizuno College of Jewellery i Osaka i Japan. I 2020 fekk han Statens kunstnerstipend på 80.000 kroner. Han har jobba for ROM for kunst og arkitektur, Kunstnerforbundet og som sjølvstendig kunstar.
I januar 2025 blei Sparebanken Sør Kunstnerpris 2024 tildelt Olaf Tønnesland Hodne. Prisen på 150 000 kroner er ein av dei største kunstnarprisar i landet. Verka hans var utstilte i Kunstsilo i Kristiansand til 16. mars 2025.
Kjelder
- Notis i Setesdølen nr. 24, 2020 side 12
- Olaf Tønnesland Hodne si Facebookside
- Kraftbergen.no
- NTB.no
- Olav Åsen Haugsgjerd, Kunstpris til Olaf Tønnesland Hodne, artikkel i Setesdølen nr. 5, 2025, side 3