Byklekalenderen 2018
Byklekalenderen 2018 vart utgjeven av Bykle mållag. Den har bilete frå nær fortid frå heile Bykle kommune. Lilly Stanescu startar tidleg med å samle inn bilete til kalenderen. I 2018 har kalenderen fått med eit stykke av Ingjerd Bjåen om Då skuleborna frå Bjåen hadde tre mils skuleveg til Berdalsbru. Til kvar månad har Hanna Elise Lindfors Auestad laga teikningar, stort sett med dyremotiv.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Frå skule og arbeidsliv. Artikkel i Setesdølen nr. 95, 2018 side 3
- Vil ha bilete til Byklekalenderen, Artikkel i Setesdølen nr. 32, 2018 side 19