Træletveit
Hopp til navigering
Hopp til søk
Træletveit er ein stad i Åraksbø i Bygland. Han ligg ovanfor Gausi, om lag to kilometer nord-aust for bygda.
Historie
Træletveit skal ha vore eigen gard langt tilbake i tid, truleg før Svartedauden. Etter Svartedauden blei han lagt øyde, og blei aldri teken opp som eigen gard igjen. Seinare var her heimestøyl for Stoplestog. Hovudbruka i garden hadde kvar sin støyl
Fornminne
Under ei skogsdrift i eit hogstfelt på Træletveit hausten 2024 blei ein merksam på nokre gravhaugar. Fagfolk frå Agder fylkeskommune undersøkte området. Det blei registrert sju gravrøyser av ulik storleik. Gravfeltet er førebels utan namn, men har fått ID 317686 hos kulturminnemyndigheitene. Gravfeltet er automatisk freda.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV side 230–231 og bind V side 16 og side 58
- Emma Norbakk, Arkeologisk befaringsnotat, Træletveit, Åraksbø gnr. 31 – Bygland kommune, Agder fylkeskommune, 2024
Kart
[Kategori:Stadnamn i Bygland]]