Lia skule
Utsjånad
Lia skule var skulen for Fennefoss krins i [Hornnes]]. Etter samanslåinga av Hornnes og Evje til Evje og Hornnes kommune frå 1960 vart elevane frå Fennefoss-krinsen overførde til Evje sentralskule, og Lia skule nedlagt. I ein periode frå 1980 til ca. 1990 vart han barneskule for 1.–3. klasse att for borna i Birkelands-området.
Det gamle skulehuset, bygd kring 1933, står framleis i Lia Krossen, nå i bruk som lagshus for Røde Kors.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge Evje og Hornnes, bind I, 1990, side 405–477
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, 1956, side 441