Ormeholtvegen

Foto: Geir Daasvatn
Ormeholtvegen er ein skogsbilveg på Skomedalsheia i Bygland. Vegen er eit framhald av Kleivevegen, og går frå sørlege enden av Skomefita nordover forbi Ormeholtet til Myrstøyl. Han er om lag 4,6 kilometer lang, og blei bygd av Saavi Nomeland rundt 1970.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 343–345