Pilegrimnapen

Foto: Knut Eldhuset (1958)
Pilegrimnapen eller Pilegrimnuten er eit fjell i Bygland austhei. Det er 866 meter høgt og ligg nord for Austre Grunnevatn.
Pilegrimnapen er eit turmål på TellTur.no. Det går ikkje merka løype opp til toppen, men ein ganske godt synleg stig. Ein kan køyre, sykle eller gå på Årdalsvegen fram til der stigen tek til.