Hanefoss kraftverk
Hanefoss kraftverk er eit vasskraftverk i Uldalsvassdraget ved Herefoss i Birkenes kommune. Eigar er Å Energi Vannkraft.
Det er installert to turbinar med total effekt på 22 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 120 GWh. Vatnet blir leia i ei 530 meter lang trykksjakt frå reguleringsmagasinet i Uldalsåna til turbinen. Totalt fall er 71 meter.