Bykle vassverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. juli 2023 kl. 07:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bykle vassverk 2. juli 2023.

Bykle vassverk nyttar Heitjønn som kjelde. Arbeidet med vassverket vart starta i 1991 og det var firmaet Olav Bondal som vann anbodet med eit bod på 4,2 millionar. Då arbeidet var ferdig, kravde han 5.179.830 kroner for kontraktsarbeida pluss 1.086.053 for ekstraarbeid. I forhandlingar med kommunen reduserte Bondal det samla kravet til 5.750.000, som var ein auke på 1.550.000 i høve til kontrakten då arbeidet tok til. I utgangspunktet var prosjektet kalkulert til 6,5 mill medrekna 900.000 kroner til grunnkjøp, erstatningar og renter.

Kjelder