Bykle vassverk
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bykle vassverk nyttar Heitjønn som kjelde. Arbeidet med vassverket vart starta i 1991 og det var firmaet Olav Bondal som vann anbodet med eit bod på 4,2 millionar. Då arbeidet var ferdig, kravde han 5.179.830 kroner for kontraktsarbeida pluss 1.086.053 for ekstraarbeid. I forhandlingar med kommunen reduserte Bondal det samla kravet til 5.750.000, som var ein auke på 1.550.000 i høve til kontrakten då arbeidet tok til. I utgangspunktet var prosjektet kalkulert til 6,5 mill medrekna 900.000 kroner til grunnkjøp, erstatningar og renter.
Kjelder
- Millionoverskridinga på Bykle vassverk. Artikkel i Setesdølen nr. 28, 1993 side 3