Bøylefoss kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. mars 2023 kl. 15:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bøylefoss kraftverk er eit vasskraftverk ved Bøylefoss i Nidelva i Froland kommune i Agder. Installert effekt er 65 MW fra 8 francisturbiner. Årsproduksjon er 400 GWh. Bøylefoss er den største av dei 15 kraftstasjonane i Arendalsvassdraget. Eigar er Arendal Fossekompani.

Nidelva er demd opp ved Haugsjådammen, og kraftverket nyttar fallet forbi Bøylefoss. Vatnet går i tunnel frå dammen mot kraftverket, og i røyrgate ned til kraftstasjonen.

Bøylefoss kraftverk sto ferdig i 1913, og leverte gjennom heile 1900-talet straum til to store industribedrifter på Eydehavn, rundt 12 km unna.

Kjelder