Hanehaug

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. februar 2023 kl. 09:31 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hanehaugen.

Hanehaug er ein stor gravhaug og midtpunktet i eit stort fornminneområde med gravfunn frå steinalder, jernalder, bronsealder, folkevandringstid og vikingtid på Nese i Bygland. Diameteren på haugen er 16 meter, og han er to meter høg.

Kong Hane skal ha levd på 1000-talet, og rådde over heile Bygland. Segna seier at Olav den Heilage kom på kristningsferd til Setesdal. Kong Hane samla ein hær frå alle bygdene omkring for å slost mot kongen. Slaget skal ha stått ved Ellingstjønn, nord for Bygland. Kong Hane fall, og vart gravlagd i Hanehaug. Den heilage kvite trollkua hans, Audhumbla, vart gravlagd i ein haug ved sida, kalla Kjyrehaug.

Kjelder