Vidsyn hyttefelt

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. februar 2023 kl. 08:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Orto)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vidsyn hyttefelt sommaren 2016.

Vidsyn hyttefelt er eit hyttefelt med 72 tomter ved Ørnefjell i Bykle kommune. Straume Handlaft og HG-Bygg står bak feltet. Tomtene er høgstandardstomter med veg, straum og fiber på plass. Det er også ljos i feltet. Tomtene er sjølveigartomter. Dei som står bak feltet, kan levere hytter etter kjøparen sine ønske. Tomteprisen for tomtene, som er på mellom 840 m² til 1990 m², tek til på 690.000 kroner, og då feltet vart lansert i 2011, var det alt selt ti tomter.

I alt investerte Straume Handlaft og HG-Bygg 12–15 millionar kroner i prosjektet, som ligg om lag fem minutt frå alpinbakkane på Hovden. Det er og opparbeidd langrennsløyper direkte i Vidsyn hyttefelt, og desse har samband med øvrige langrennsløyper på Hovden. Hyttene ligg med utsikt til Hovden golfklubb.

Kjelder

Eksterne lenker