Hovden golfklubb

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Hovden golfklubb vart stifta 28. september 2000. Klubben har klubbhus og ein 9-hols golfbane med kunstgrasgreenar på Ørnefjell i Bykle kommune. Reguleringsplanen for banen vart godkjent 26. april 2001 og 31. august 2002 vart banen opna for spel. Offisiell opning var 6. september 2003, då var banen godkjent av Norges golfforbund. 15. juni 2007 var kunstgrasgreenar på plass på alle ni hola. Ørnefjell golfbane var den fyrste i landet som fekk dette, det utvida sesongen med ein månad. Klubben har fått tippemidlar til å anlegge banen, som kosta 4,3 millionar kroner. Hovden golfklubb er gjeldfri.

Styre og medlemer[rediger]

Klubben har om lag 200 medlemmer. Medlemskap har to former. Andelsmedlemmer betalar ein andel på 10.000 kroner og årsavgift på 1500 kroner. Om ein stiller ein dag til dugnad, er årsavgifta 950 kroner. Ein kan då spele gratis så mykje ein vil. Alternativt kan ein teikne seg som vanleg medlem utan andelsinnskot. Då betalar ein årsavgift og så betalar ein i tillegg 100 kroner kvar gong ein spelar i vekedagar og 200 kroner i helgene. For dei som ikkje er medlemmer, er avgifta 250 kroner både i veka og i helga.

I alle åra har Tom Kvinlog vore styreleiar og Reidar Ove Mork vore nestleiar. Medlemmene legg ned stor dugnadsinnsats for å halde banen i god stand, mellom 1000 og 1200 timar årleg. På det meste har ein vore oppe i 230 medlemmer. I jubileumsåret ligg medlemstalet på 180, vel halvparten av desse er frå Bykle og Valle.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]