Jettegryte

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. oktober 2022 kl. 07:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jettegryte er ei glatt, sylindrisk fordjupning i bergoverflata, danna ved sliping (abrasjon) med ein eller fleire steinar eller grovt sediment (grus, stein, blokk) når store vassmengder set seg i røyrsle. Ei jettegryte er til vanleg djupare enn ho er brei, og store jettegryter kan vere fleire meter djupe.

Store jettegryter som ein ser i terrenget i dag blei truleg laga i løpet av førre istid, og nærare bestemt under slutten av førre istid, deglasiasjonen, då det var mykje smeltevann tilgjengeleg.

Kjelder