Alkekonge

Alkekonge (latin: alle alle) er den minste av alkefuglane. Han vert 19-21 cm lang og kan ha eit vengespenn på 34-38 cm. Han er klassifisert som pelagisk dykkande sjøfugl, noko som vil seie at han lever det meste av livet langt til havs og bare kjem til land for å hekke. Dei kan dukke ned til hundre meter, fangar maten på djupt vatn i havet og er ikkje så gode til å flyge, så dei er ikkje så mykje på vengene som andre sjøfuglar. Alkekonge er svart på hovud, rygg og stjert, men kvit på undersida. Dei lever av krepsdyr og hekker på Grønland, Island, Spitsbergen og Novaja Zemlja. Ein reknar med at ein million par hekkar på Svalbard. Om vinteren trekker fuglen sørover og overvintrar langs norskekysten.
Funn i Setesdal
I Setesdal er det funne alkekonge tre gonger.
- Den første vart drepen då han flaug mot ein kreftleidning ein gong på 1980-talet.
- Den andre vart påkøyrd av ein bil ved Dåsvatn i november 2011
- Den tredje fann Jorunn Lund Tveit og Olav J. Tveit frå Rysstad i vegkanten ved Vassend fredag 2. november 2012. Han sat litt forkomen i vegkanten og hadde nok floge mot ein bil. Han vart undersøkt utan at ein fann nokon skade, og dermed vart han sett ned til vatnet, der han sumde rundt ei stund før han kvikna til og fôr utover Byglandsfjorden. Fleire fugleinteresserte kom til og fekk ei fin fugleoppleving denne dagen.
Kjelde
- Lars Breistøl: Alkekonge i Byglandsfjorden. Artikkel i Setesdølen nr. 89, 2012 side 5