Eivind G. Kile til minne

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. desember 2021 kl. 22:23 av Knu-eldh (diskusjon | bidrag) (Ny side: miniatyr|høyre| Eivind Gjermundson Kile. {{Byline|[[Sigmund Skomedal }}]] ==''Eivind G. Kile til minne''== Av Sigmund Skomedal 1973 Eivind G. Kile e…)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind Gjermundson Kile.

Eivind G. Kile til minne

Av Sigmund Skomedal 1973

Eivind G. Kile er ikkje meir. Fredag sovna han inn på Sentralsjukehuset i Skien vel 62 år gamal og sørgjebodskapen spreidde seg til slekt og vener. Eivind Gjermundson, som han ofte blei kalla, hadde så uendeleg mange vener og kjenningar. Det er ikkje tal på alle dei som gjennom åra har vitja Vestre Kile fjellgarden mellom Fyresdal og Setesdal. Her fann alle hjarterom og husrom — liten og stor, høg og låg.


Eivind var den siste som framleis budde på Vestre Kile. Dei andre 2 bruka sto tome, og når han no er borte, er soga til ei lita fjellgrend slutt. Det er ei soge fylt med slit og pågangsmot, men sikkert og med ekte glede og takksemd — verdiar ein ikkje kan måle med gods og gull. Eivind hugsa godt at det budde 31 menneske på Vestre-Kile — det var skule i eldhuset, og liv og røre over alt.


I dag er det audt og tomt — den siste parafinlampa har slokna. I slike stunder kjenner ein seg hjelpelaus og motlaus. Plassen til Eivind kan ingen fylle. Utan han tykkjest Veste Kile utan meining — for Eivind og Vestre-Kile var liksom eitt. Han treivst ikkje andre stader. Med sitt ope og ærlege sinn fekk han kontakt med alle menneske, og mang ein fjellvandrar, fiskar og skiturist vil nok og sakne kaffikoppen på kjøkkenet hjå Eivind.


Han hadde så mykje å gje dei som lærde han å kjenne. Han var ein meister i å fortelje, og hadde eit minne ein berre må undre seg over. Godt var det at han fekk vere på Vestre Kile mest til det siste. Det gjekk så fort då sjukdomen fyrst fekk tak. Ein kunne mest sjå korleis kreftene vart dregne ut av kroppen hans, og i undring vart vi ståande og sjå kor roleg han tok den tunge lagnaden.


Me står att i saknad, men samstundes og i takksemd. Minna er mange og gode etter ein slik ven. Lat oss gøyme dei vel.


Kjelde