Rygnestadboka
Rygnestadboka er ei skriveøvingsbok som er bevart etter Torleiv Åsmundsson Rygnestad, son av Vonde-Åsmund Rygnestad. I boka, som må vere frå heilt på slutten av 1500-talet, har Torleiv skrive ned visa om «Tora liti». Det er den eldste oppskrifta ein har av norsk mellomaldervise (ballade).