Nesvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. desember 2021 kl. 13:37 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nesvatn er eit stort vatn i heia vest for Fyresvatn i Fyresdal. Ein bitteliten snipp av vatnet heilt i sør går inn i Aust-Agder (Gjøvdal. Vatnet er regulert (510–493 moh.). Ut av vatnet og ned i det mindre vatnet Gjevden renn Espeliåi. Frå Gjevden startar Gjøv si ferd mot Nidelva. Nesvatn høyrer såleis til Arendalsvassdraget.

Fylkesveg 3384 kjem frå Gjøvdal i sør og går nordover langs austsida av vatnet til Ljosdalen. Der munnar vegen ut i Fylkesveg 3386, som går vidare austover mot Fyresdal sentrum.

Kjelder

Kart