Kvite symrer

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. januar 2021 kl. 19:26 av Siri J (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida

Kvite symrer er namnet på diktsamlinga som Olav Mosdøl debuterte med i 1977. Ho kom ut på Lunde forlag og hadde 28 dikt, skrivne over ein lengre periode. Dikta uttrykkjer oppleving av sterke naturimpulsar og nærkontakt med medmenneske.

Opninga innheld ei programerklæring:

I stille stunder
gjeng eg inn
i ukjende salar og rømder.
Søkjer mot
dei skapande kjensler
og krefter.

SitatSjeldan her eg hatt ei bok mellom hendene som eg sterkare av hjarta ynskjer at mange ville lese.Sitat
Bjarne Tveiten i Fædrelandsvennen

Kjelde