Bjoråvika bustadfelt
Foto: Geir Daasvatn
Bjoråvika bustadfelt er eit lite bustadfelt rett sør for Evjemoen, på austsida av Otra, i Evje og Hornnes kommune. Feltet vart bygd ut av Forsvaret på 1960-talet, for det meste med tomannsbustader. Husa skulle vere tenestebustader for militært personell i Evjemoen militærleir.
Då Evjemoen vart lagt ned i 2002, hadde Forsvaret ikkje lenger bruk for bustadane. Dei vart difor seld til private.